Vinje formannskap om Statkraft:
Advarer mot privatisering
Framtida til Statkraft interesserer flere enn tillitsvalgte, EL & IT Forbundet og Regjeringen. Vinje formannskap vedtok i siste møte en uttalelse om statsforetaket.
Her er hele uttalelsen:
Vinje formannskap:
Nei til delprivatisering og omdanning av Statkraft SF til A/S
Uttale frå Vinje formannskap 22. april 2004
Her er hele uttalelsen:
Vinje formannskap:
Nei til delprivatisering og omdanning av Statkraft SF til A/S
Uttale frå Vinje formannskap 22. april 2004
Vinje formannskap er uroa over tempoet til Regjeringa i spørsmålet om organisasjonsform for Statkraft SF. Statkraft SF er ein sentral aktør i straummarknaden,og ei omdanning av dette selskapet vil ha stor verknad både nasjonalt og internasjonalt. Ei delprivatisering kan fort opne for store utanlandske eigarinteresser i vår vasskraftproduksjon, og nasjonen kan miste styring og kontroll. Vinje formannskap vil og vise til at selskapet også er ein viktig samfunnsaktør i kommune-Noreg med god kommunikasjon og med godt samarbeid mot kommunane.
Vinje formannskap meiner Regjering og Storting må avvente den offentlege utgreiinga i heimfallsutvalet før ein tek stilling til framtida for Statkraft SF. Gjennom offentleg eigarskap kan omsynet til den nasjonale kontrollen over vassdragsressursane bli ivareteke så langt det er politisk ynskjeleg. Vinje formannskap er og av den oppfatning at det er viktig at nasjonen no konsoliderer stillinga i høve den nordiske og europeiske energimarknaden med bakgrunn i vår posisjon som energi produsent. Dette er avgjerande for å auke vår verdiskaping på energisektoren.23.04.2004


![Logo El og it forbundet [picture]](gfx/logo.gif)