Du er her: Hovedside / Nyheter  / Nyhetsarkiv  / 2006

Distriktssekretær Arne Runnane har takket av

Utskriftsvennlig versjon
Arne Runnane (bildet) er nyslått pensjonist og hadde sin siste arbeidsdag 19. mai. Runnane er elektrikaren som valte tillitsvaldarbeid framfor karriere i Aker-systemet. Sin første tillitsvaldjobb fikk han som leiar i elektrikarforeninga i 1979, og ble seinere klubbleiar på Aker Elektro Stord.
Tekst og foto: Harald Olav Moen/Nettverk

- Eg har hatt eit rikt arbeidsliv og fått virke i lag med mange interessant og flotte menneske som har gjeve meg og andre mykje. Det har vore eit privilegium å få arbeide som tillitsvald i so mange år. Eg sit att med ei kjensle av å ha vore med på eit meiningsfullt stykke arbeid og vore med pøå vikle noko i lag med andre.

Arne Runnane er røldølen som vart stordabu med oppvekst i Odda, inklusiv elektrolina på yrkesskolen der. Det var elektrikar Arne ville bli, og då han fekk moglegheitar til å koma inn i faget hjå Stord Elektro, gjekk vegen vestover sommaren 1967. Aker bygde store tankskip på Stord som skulle frakte olje frå dei arabiske oljestatane.
Eg trivdes godt med dette arbeidet, og omgrepet produktivitet og akkord vart vel kjent i dette miljøet. Stord Elektrikarforening hadde stor kompetanse når det galdt akkordarbeid , oppmåling og tvistar knytta til dette. Arne tok del i dette og vart etter kvart ein ressursperson innan akkordlønssystemet og kom mellom anna med i forbundet sitt skipsutval.

Heiderskaren hadde etterfylgjaren på plass i god tid innan han logga ut på kontor-PC-en for godt. Kjell Sverre Aasheim har teke over.
- Det er eg svært glad for. Kjell Sverre er ein positiv kar og dyktig tillitsvald med brei røynsle. Han vil gjera ein framifrå jobb for medlemane, er det rause skussmålet frå forgjengaren.
Bildet: Fra venstre Arne Runnane, kontorsekretær Vigdis Røyrvik og Kjell Sverre Aasheim.

Forbundet takker for den mangeårige innsatsen Arne Runnane har gjort som tillitsvalgt. Hele intervjuet med Runnane kan leses i juniutgaven av Nettverk.

23.05.2006
Tips en venn
Mottakers e-post:
Din e-post: